Skirvedalsvegens tilblivelse

Eg prøvar å finne ut om Skirvedalsvegens tilblivelse. I dette arbeidet har eg funne fram til ein artikkel i Rjukan Arbeiderblad frå 31. Juli 1961 da vegen blei offisielt åpna med stor samling på Mykleset.

Der helt Øystein Jonsjord ei utgreiing om vegen, men han seier ikkje noko om arbeidet på Numedalsida. Han seier at det var ein vegkomite på kvar side. Eg kan heller ikkje sjå av referatet at nokon frå Numedal talar om arbeidet i Numedal. Arbeidet starta på Tinnsida i 1951 og det tok altså 10 år før vegen var ferdig. Da hadde den på Tinnsida kosta omlag 1 million kroner.

Eg er ute etter Vegglifjellvegens historie på Numedalssida. Når tid starta arbeidet med bygginga og korleis var framdrifta. Ferdigstillinga til kommunegrensa reknar eg med var 1961 da heile vegen blei opna på Mykleset. Kven sto for bevilginga og kven var drivkreftene bak? Sidan vegen fortsatt i dag er privat så var kanskje ikkje kommunen så sterkt inne i bildet som på Tinnsida? Eg reknar med at slikt materiale finst ein eller annan stad, men kvar?

Har Veglaget i Veggli noko om historikken til vegen, eller kan de tipse meg kor eg kan finne det?

Austbygde 10. Mai 2019

Mvh

Halvor Lurås