Været på Vegglifjell:
 Lett snø,
 temp: -3,
 vind: Lett bris,
 gjelder fra kl. 18:00 til 00:00
-3
0.9mm
Varsel fra yr.no

Søk

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB

Råkåfiskfesten 28. jan 2017

Fra 28.01.2017, til 28.01.2017 kl. 23:59

Råkåfiskfest i Numedalslaget arrangeres i år 28. januar 2017

Råkåfiskfesten i Oslo er en over 100 år gammel tradisjon er arrangert årlig bare avbrudt av de to verdenskrigene.

Råkåfiskfest i Numedalslaget arrangeres i år 28. januar 2017
Festtaler Øystein Morten om Jakten på Olav den Hellige
På menyen står som vanleg råkåfisk frå Bjornesfjorden, lefsekling frå Veggli, mandelpotet og anna godt i rikelige mengder.
Festtalen er ved Øystein Morten, forfattar frå Veggli. Han vil fortelje om ei av bøkene sine: Jakten på Olav den Hellige. Morten er religionshistorikar og har mellom anna vore distriktskonservator i Vest-Telemark. No bur han på heimgarden i Veggli og er forfattar. Han har mellom anna skreve om stavkyrkja i Eidsborg, Magnus den Gode og Sigurd Jorsalfare.

For boka om Olav den Hellige har han fått svært gode kritikkar. Han har granska kjeldene og studert et bein frå kroppen til helgenkongen. Resultatet er ei forteljing om ein annan Olav enn den vi kjenner. Portrettet av kongen som kristna Noreg er fullt av overraskingar. Samtidig handlar boka om tru og håp i middelalderen, om ei mektig kyrkje, forbytta lik og om hemmelegheiter som har vore gøymd hos domkapitlet i Nidaros.

Les meir om festtalaren her: http://www.spartacus.no/index.php?ID=Forfatter&ID2=342&ID3=M

Det blir som vanleg variert dansemusikk på Råkåfiskfesten med både gammaldans og nygammalt. Denne gongen er det «Solvår og Terje» som spelar.

Festen er på Røa Samfunnshus (Austlivn. 4, like ved Røa T-banestasjon) laurdag 28. januar kl. 18.30

Inngang: Medlemmer kr 450, ikkje-medl. kr 500.

Påmelding innan 23. januar til: 97 75 40 18 (Bjørg), 66 80 64 32 (Ragnhild) eller e-post til rilanderud@gmail.com. Vær venleg å melde på i god og respekter påmeldingsfristen!

Vi vil sette opp buss frå Numedal. Ta kontakt med Ottar for bestilling av buss (32 74 62 16 eller 92 09 52 36).

Med vennleg helsing

Numedalslaget i Oslo

 

Verktøylinje

Vegglifjell Friluftslag Kontaktinfo