Søk

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB

Lansering av lokalhistorisk bok om skogshistoria innenfor Rollag og Veggli skogeierlag sitt virkeområde

Forfatterne av boka "Til skogs i Rollag" har sendt ut følgende pressemelding i forbindelse med lanseringen av boka

Praktboka om skogen i Rollag «Til skogs i Rollag» vert lansert på Rollag bygdetun den 24. oktober.

For numedalskommunen Rollag var skogen altfemnande. Sølvverket på Kongsberg ga skogeigarane i bygda sikre leveransar i 300 år. Mange har sagt at sølvverkstida var vanskeleg og strid for numedølen. Men få har sagt at vi tente gode pengar i den tida. Prakthusa i Numedal er bygd mellom 1650 og 1750, i det hundreåret at laktervedtrafikken var på det heitaste.

Så gullkanta var denne tida at da Sølvverket fekk utkommandert soldatar frå Hallingdal og Sigdal for å hogge tømmer, saboterte rollingen det heile. Soldatane fekk dårlege husvære, dei fekk elendig mat. Og skulle dei slipe reidskapane sine vart dei nekta å låne slipestein.

Dette og meir til om desse 300 åra vil ein finne i boka.

Men «Til skogs i Rollag» er ikkje berre økonomi, boka har meir. Små dikt, eit eventyr og fleire intervju med folk som har hatt sitt arbeidsliv knytt til skogen.

Og framfor alt eit vell av bilder. Historiske svart/kvitt foto, nye stemningsbilder med skog som motiv. Redaktøren Ingvar Moi er fotograf og har i tillegg laga tresnitt der tre frå rollagskogen er nytta. Han har laga maleri med nye metodar, der han har bruka tjære brent i Rollag.

Rollag og Veggli skogeierlag er oppdragsgjevarar til boka. Laget disponerte ein del pengar som ein ville bruke til å få laga ei bok om lagets historie. Men lagets gamle protokollar var ikkje å finne, så det blei noko meir enn ei lagshistorie.

All tekst er skrivi av Narve Lid og Even Tråen. Lid er fagmannen i prosjektet med si utdanning frå Ås og som mangeårig skogsjef i Modum, Rollag og Flesberg. Even Tråen er lokalhistorikar, forfattar og diktar.

Boka er naturlegvis lokalhistorie, men inneheldt mange element av vidare omfang. Korleis drifta av numedalsskogane i sølvverkstida danna malar for den generelle skogsdrifta i Noreg.

Vidare finn ein mellom anna eit intervju med to karar frå Nord Odal som var i Rollag på tømmerhogst i gjenreisingstida av Noreg etter krigen. Skogsdrifta i Rollag er såleis ein del av norgeshistoria.

Trekløveret Moi, Lid og Tråen har med dette skapt eit praktverk av ei bok på 224 sider som mange vil ha glede av.

Kontaktperson: Even Tråen epost: geiteskallin@gmail.com  telefon: 45 607 026

Last ned plakaten her:

Verktøylinje

Områdebilder

Aktivitetskalender

Juni 2017
Ma Ti On To Fr
   1234
567891011
12131415161718
19202122232425
2627282930  
       

Vegglifjell Friluftslag Kontaktinfo